Jag har inga egna observationer att dela med mig av, men tydligen finns det väldigt mycket skit / bajs / avföring / exkrementer / bæsj på en del av Norges mest natursköna platser.
https://www.nrk.no/vestland/rekordbesok-set-kulturminna-under-press-1.16589959
I sommar krydde det av menneske på det vesle neset i Lustrafjorden i Sogn.
Rekordmange besøkte verdsarv-stavkyrkja Urnes og rundt 40.000 turistar var innom bygda.
Turistrekorden har likevel ført med seg ein del uønskt problem. Berre tre toalett er tilbodet som ventar dei besøkande.
På innkøyrselen til fruktgarden fann Optun restar etter menneskebæsj.
/--/
Mange turistar og få doar er eit velkjend problem her til lands.
Tidlegare i sommar braut desperate turistar seg inn på toalett i Vestkapp, som restauranteigaren var lei av å ikkje få betalt for å drifte.
I Lofoten er både fastbuande og naturforvaltarar lei av å få natur og hagar nedgrisa av avføring frå turistar.
Reiselivet i både Lofoten og på Vestlandet har teke til orde for turistskatt for å finansiere betre toalettfasilitetar og søppelrydding, men i forslaget til statsbudsjettet for 2024 var det ingen forslag om turistskatt.